Dette er ingen vanleg skule...
i alle fall ikkje heilt vanleg! Skulen har omlag 165 elevar. Skulen har eige hybelhus, eller internat som mange kallar det. Internatet har plass til 25 elevar, og i tillegg til å bo, får også elevane mat (frokost, lunchpakke,middag og kvelds). Det er for mange ein spennende måte å prøve å bo for seg selv på.
Det er ingen stor skule, og sidan klassene ikkje er over 15 elevar, er det oftast lettare både å få hjelp og bli kjent! Kontakten mellom elevane og personalet blir betre i eit lite og oversiktleg miljø som her på ØVS.
Ørskog vidaregåande skule vil gi deg ei solid plattform å stå på, både fagleg og sosialt. Det er stor etterspørsel etter den kompetansen elevane våre har.Du vil få kunnskapar og haldningar som gjer deg til ein aktiv og engasjert samfunnsborgar og eit positivt og hjelpsamt medmenneske. Dei fleste elevar får med seg et utanlandsopphold i løpet av tida ved skulen. For mange gjer dette skuletida ekstra spennende og meiningsfullt.
Treng du ekstra hjelp på skulen?
Skulen har og tilbod til elevar som treng særskilt tilrettelagt undervisning. Dette kan vere ei eiga klasse der elevane får ei meir individuell oppfølging, eller det kan vere integrert i vanlege klasser.
Kvifor likar vi oss ved Ørskog vidaregåande skule?
Denne lista over trivselsfaktorar forklarar noko:
- Fjellturar i fint turterreng til fots og på ski
- Volleyballturnering
- Grillfestar i skulehagen
- Nokre felles frokostar
- Den store julelunsjen for alle på skulen
- Moderne undervisningskjøkken og datautstyr
- Gode kommunikasjonar med omkringliggande kommunar
- God kontakt mellom elevar og tilsette i kvardagen
Skal du bu i internatet eller på hybel i Ørskog?
Ørskogbygdarane har lange tradisjonar med å ta i mot elevar frå denne skulen.