Reglementer

FRÅVÆRSREGLEMENT VED ØRSKOG VIDAREGÅANDE SKULE.

Det vert synt til pkt 2 og 3 i skulereglementet, der det mellom anna heiter:

“Elevane pliktar å møte presis og delta aktivt i opplæringa i den forma den blir avtalt og gitt.

Høgt fråvær kan føre til at eleven ikkje får termin- eller standpunktkarakter.

Ved planlagt fråvær skal eleven gi melding i god tid på førehand til:

- faglærar i samband med einskildtimar.

- kontaktlærar i samband med fråvær inntil ein dag.

- Ved fråvær utover ein dag må ein levere skriftleg søknad til rektor.

- Ved sjukefråvær over 3 dagar må eleven sørge for at skolen vert underretta.

Der det ikkje vert gitt melding om fråvær vert det oppfatta som skulk.

Eleven har sjølv ansvar for å ha oversikt over fråværet sitt til ei kvar tid. Faglærar fører fråvær i fag. Kontaktlærar har oversikt over eleven sitt totale fråvær.

Dersom ein elev etter kvart får høgt fråvær i eit fag, skal faglærar ta dette opp med eleven. Samla fråvær skal summerast for kvar termin. Elev/føresette skal ha skriftleg melding i det enkelte fag dersom fråværet blir høgt, slik at eleven står i fare for ikkje å få karakter.

Legeattest for kronisk sjukdom som vil få innverknad på eleven sitt tilhøve til skolen, må leverast rektor innan 1. oktober. Legeattest skal og leverast for langvarig sjukefråvær.

Utdrag frå Forskrift til opplæringslova:

§ 4-10. Varsling Dersom det er tvil om ein elev på grunn av stort fråvær eller av andre særlege grunnar kan få terminkarakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag, eller dersom det er fare for at eleven kan få standpunktkarakteren Nokså god eller Lite god i orden eller i åtferd, må eleven og foreldra eller dei føresette få skriftleg varsel. Varslet skal givast utan ugrunna opphald, slik at betre innsats kan gjere at termin- eller fagkarakter kan setjast, eller at betre orden eller åtferd kan påverke karakteren.

§ 4-35. Fråvær Alt fråvær for elevar skal førast på vitnemål og kompetansebevis. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Rektor kan bestemme om fråvær for den som ikkje er elev i alle fag, skal førast i dagar og timar eller berre i timar.

Årsaka til fråvær kan krevjast ført på dokumentasjonen. Eleven har sjølv ansvaret for å dokumentere årsaka til fråværet. Organisert eller sjølvstendig studiearbeid, mellom anna skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær.

Rektor kan gi elevar fri frå opplæringa i opptil 14 skoledagar i eit skoleår utan at desse dagane skal førast som fråvær på dokumentasjonen. Det gjeld til dømes fråvær i samband med arbeid som tillitsvald, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagde oppmøte og fråvær av helse- og velferdsgrunnar. Normalt skal elevar søkje om slik fri frå opplæringa på førehand. Elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, har innanfor totalramma på 14 skoledagar rett til inntil to dagar fri ved religiøse høgtider. Når elevar får løyve til å ta fri, bør skolen leggje til rette for at dei kan gjere ein innsats for å kompensere for det.

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR
VED FYLKESKOMMUNALE VIDAREGÅANDE SKOLAR
I MØRE OG ROMSDAL

Forskrift fastsett med heimel i opplæringslova (Oppl) av 17.07.98 nr 61, §§ 2-9 og 3-7.
DEL A

FORMÅL

§ 1 Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø, som er rusfritt, og fritt for mobbing, vald og anna krenkande åtferd. Formålet med reglementet er å skape godt samarbeid, god trivsel, respekt og medansvar. Reglementet skal fremme god orden og gode arbeidsvanar og slik legge til rette for god læring.
Reglementet forpliktar heile skolesamfunnet.
Reglementet skal omfatte:
· Elevane sine rettar og plikter
· Orden og åtferd
· Tiltak overfor elevar som bryt reglement, og framgangsmåten ved handsaming av slike saker

VIRKEOMRÅDE

§ 2 Reglementet gjeld for alle elevar ved skolen under opplæring og, så langt anna ikkje er bestemt, også for vaksenopplæringa sine elevar, lærlingskoleelevar, hospitantar og andre når opplæringa går føre i skolen sin regi.
Reglementet gjeld også ved opplæringsformer og aktivitetar som gis under skolens ansvar og regi utanfor skolen sitt område, så langt dette ikkje er i strid med lokalgitte påbod eller forbod, eller ved ekskursjonar.
Reglementet er retningsgivande for vurdering av orden og åtferd.

RETTAR

§ 3 Elevane har rett til vidaregåande opplæring jfr. opplæringslova med forskrifter, fylkeskommunale vedtak og gjeldande læreplanar.
§ 4 Eleven har rett til ei opplæring som er tilpassa føresetnader, evner og behov. Eleven har derfor rett til og skal delta i:
· Planlegging av opplæringa
o utforming av periodeplanar
o tolking og analyse av læreplanmål
o utforming av læringsmål
o val og utforming av kriteri for vurdering
o val av lærestoff i forhold til læreplanane, m.a. rett til sjølv å velje læreverk
o val av arbeids- og vurderingsformer

· Gjennomføring av opplæringa

· Vurdering av opplæringa
o sluttresultatet av arbeidet i forhold til læringsmål.
o prosessen som førte fram til resultatet.
Desse momenta kan vere individuelle for den enkelte elev, felles for ei mindre gruppe eller for større grupper.
Skolen er ansvarleg for å gi elevane dei nødvendige føresetnadene for å kunne delta aktivt i dette arbeidet.
§ 5 Elevane har rett til å få tilbakemelding, oppfølging og rettleiing i forhold til dei mål den enkelte arbeider etter.
§ 6 Det skal gjennomførast førebudde elevsamtalar minst ein gang kvar termin mellom elev og kontaktlærar eller annan lærar.
§ 7 Ved faglege, personlege eller sosiale vanskar som har innverknad på opplæringa, har elevane rett til rådgiving, oppfølging og hjelp til å finne seg til rette, m.a. tilgang til sosial- og spesialpedagogisk teneste.
§ 8 Elevane har rett til rådgiving om utdanning og yrkesval.
§ 9 Skolen skal ha eit system som sikrar at det blir vurdert i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa er med på å nå dei måla som er fastsett for eleven eller gruppa.
Grunnlaget for vurderinga er læreplanverket sin generelle del og fagspesifikke delar som heile skolesamfunnet er forplikta overfor.
Eleven har rett til og skal delta i denne vurderinga.
§ 10 Elevane har rett til og bør ta opp med skolen (faglærar, kontaktlærar, rådgivar, skoleleiinga, evt. gjennom elevtillitsvalte) forhold som ikkje fungerer tilfredsstillande.
§ 11 Elevane har rett og plikt til å danne elevråd og å vere representert i skoleutval, skolemiljøutval og arbeidsmiljøutval.
Elevrådsrepresentantar har rett til regelmessige møte med skoleleiinga.

PLIKTER

§ 12 Elevane har plikt til å rette seg etter lover, reglement og instruks som gjeld.
§ 13 Elevane plikter å delta aktivt i opplæringa i den form den blir avtalt.
§ 14 Eleven skal snarast mogleg ta kontakt med faglærar dersom han/ho ikkje kan følgje opp arbeid til avtalt tid.
§ 15 Elevane skal følgje verne- og tryggleiksreglar og bruke det arbeidsty og verneutstyr som krevjast i læreplan eller som er påbode av arbeidstilsynet, departementet eller skolen.
§ 16 Elevane skal halde seg med nødvendig lærestoff, materiell og utstyr til eige bruk som skolen ikkje held. Pålagt materiell og utstyr eller betaling for dette må ikkje vere i strid med forskrift eller vedtak frå departementet eller fylkeskommunen.
§ 17 Skolen sin eigedom og utstyr skal brukast med omtanke. Hærverk og skade kan føre til erstatningsansvar, jf. skadeserstatningslova.
§ 18 Elevar som gjennom sitt arbeid, oppdrag eller verv i samband med vidaregåande opplæring blir kjend med spesielle opplysningar, har teieplikt etter forvaltningslova sine reglar § 13 - 13 f. Teieplikta gjeld også etter at eleven har avslutta vidaregåande opplæring.

DEL B: ØRSKOG VIDAREGÅANDE SKULE

1. Ved opptak har eleven inngått ei kontrakt med skulen, denne gir rett til opplæring etter

opplæringslova, fylkeskommunale vedtak og gjeldande læreplanar. Eleven har rett til

å delta i skulesamfunnet saman med elevar, lærarar og andre tilsette. Samstundes har

eleven forplikta seg til å rette seg etter dei reglane og vedtektene som gjeld ved skulen.

Desse er nærare omtala i paragrafane som følgjer under.

2. Elevane har plikt til å rette seg etter lover, reglement, forskrifter og instrukser som

gjeld til ei kvar tid. Elevane pliktar å møte presis og delta aktivt i opplæringa i den

forma det blir avtalt og gitt. Det skal visast omsyn og respekt for andre, og timane

skal pregast av arbeidsro, respekt for opplæringa og inngåtte avtaler.

3. Skulen skal ha melding om sjukdom. Blir ein elev sjuk eller av annan grunn må

forlate undervisninga i løpet av skuledagen, skal eleven alltid melde frå til kontakt-

lærar/faglærar eller administrasjonen. Ved anna fråvær enn sjukdom kan kontakt-

lærar gi fri inntil ein dag. Må ein elev ha fri meir enn ein dag, skal ein søkje til

rektor. Høgt fråvær kan føre til at eleven ikkje får termin- eller standpunktkarakter.

4. I skulesamfunnet skal alle opptre omsynsfullt, realt og høfleg overfor kvarandre.

Alle pliktar å vere med på å hindre uønska og krenkande atferd - så som hærverk,

trugsmål, vald, mobbing og trakassering av alle slag.

5. Eigedom og utstyr på skulen skal behandlast med varsemd og omtanke. Hærverk og

skadar som følgje av aktløyse kan føre til erstatningsansvar.

6. Arbeidsvanane til alle i skulen skal vere prega av ansvar og orden med rydding,

punktleg og påliteleg framferd. Det er viktig for trivselen at det blir halde orden på

skuleområdet.

7. Røyking er ikkje tillate på skuleområdet, jfr. vedtak i Fylkestinget om røykfrie v.g.s.

Det kan røykes på anvist plass utanfor området der oppsamlingsbøtter er satt opp.

8. Bruk og oppbevaring av rusmiddel er forbode på skulen sitt område. Det er også

forbode å vera påverka av rusmiddel, i så fall vil eleven bli utvist. Ved mistanke om

bruk av narkotika, vil det bli meldt frå til politiet.

9. Mobiltelefon skal vere avslått og liggje i skulesekken i timane dersom ikkje anna er

avtala med faglæraren i ein særskilt situasjon.

10. Bruk av ulovleg hjelpemiddel og kommunidasjon med andre i ein prøvesituasjon blir

rekna som fusk. Det samme gjeld avskrift/utskrift av andre sine arbeid som blir levert

som eige produkt.

11. Brot på reglement vil føre til reaksjonar mot eleven i form av refsingstiltak, særskilde

tiltak og/eller nedsett orden- og åtferdskarakter. Refsingstiltak kan vere:

* påtale frå ein av dei tilsette ved skulen -

* utelating frå klasse eller gruppe for resten av timen etter faglærar si avgjerd -

* utelating frå skulen inntil fem -5- dagar etter avgjerd frå rektor -

* nedsetjing av orden- og åtferdskarakter - etter avgjerd i klasselærarråd -

Før det vert nytta refsingstiltak, skal eleven ha rett til å forklare seg.



  • Søk:
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Orskogvgs. Sida er utvikla med eZ publish.